Klima i USA

Klimaet i USA er kjenneteikna med nokre av dei mest ekstreme vêrfenomena ein har på jorda, som tropiske orkanar, tornadoar, snøstormar, store temperaturskilnadar, og enorme nedbørsmengder. Landet har ein minimums- og maksimumstemperatur som varierer frå -62 °C til 57 °C, og stader har fått 1000 mm regn på mindre enn ein dag, medan andre område har fått 25 meter snø på berre ein vinter.

Dei 48 samanhengande statane ligg alle innanfor den tempererte sona, så ein kan vente seg både behagelege temperaturar og stundom svært kalde eller varme forhold så godt som alle stader. Folk på Miami Beach har sett snø falle til bakken (januar 1977), medan temperaturen har blitt så høg som 49 °C i North Dakota, som ligg på same breiddegrad som Frankrike. Mexicogolfen sender opp mykje fukt over dei austlege områda av landet, slik at Minneapolis kan vere like fuktig som New Orleans midtsommars. Forholda er tørrare og friskare i Rocky Mountains, og vêret i California er ei verd i seg sjølv. I dei indre områda her finn ein både den steikande varme Death Valley og dei snøkledde Sierra Nevadafjella.


© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search